Haraldsplass diakonale høgskole Ulriksdal 10, 5009 Bergen. Tlf.: 55 97 96 30 E-post: hdh@haraldsplass.no
Sist oppdatert: 6. september 2010 |
 |
|
 |
|
| Hege Steinsland. Foto: privat |
Leiar jobbar med eigenutvikling
− Det var viktig for meg med eit studium der eg kunne arbeide med eigen utvikling og ikkje berre med teoriar, fortel kyrkjeverje Hege Steinsland. Ho er student ved Tverrfaglig videreutdanning i veiledning ved Senter for relasjonsutvikling.
Hege Steinsland (43) bur på Brattvåg i Møre og Romsdal og er utdanna kateket med organisasjon og leiing som del av utdanninga. Dei siste 10 åra har ho arbeidd som kyrkjeverje. Det er ei leiarstilling i kyrkja med m.a. personalansvar. Dei to siste åra har ho vore student ved Haraldsplass diakonale høgskole ved Senter for relasjonsutvikling på studiet Tverrfaglig videreutdanning i veiledning Første studieenhet.
− Kvifor valde du å ta utdanning innan rettleiing? − Eg har vore på utkikk etter ei god vidareutdanning i fleire år og tenkt i retning av organisasjonspsykologi. Ein kjenning, som hadde tatt denne utdanninga, anbefalte ho sterkt. Etter å ha undersøkt litt, vart eg fort overtydd om at eg ville satse på dette.
− Kva i studiet har vore særleg nyttig for deg? − Eg opplever stadig å verte utfordra på mine personlege eigenskapar, vurderingsevna og avgjerder i arbeidet mitt. Det var difor viktig for meg med eit studium der eg kunne arbeide med eigen utvikling og ikkje berre med teoriar. På førehand visste eg ikkje kor midt i blinken studiet var, men eg har fått arbeidd mykje med mine eigne reaksjonar og med å lettare kunne identifisere kva som er mitt av kjensler og tankar. Dette vil eg nesten seie eg har dagleg nytte av, både i arbeidssamanheng og elles i livet.
Utfordrande og praktisk tilnærming Hege fortel at ho særlig har sett pris på den praktiske tilnærminga studiet har. − Vi har trena oss mykje på rettleiingssituasjonen, både individuell rettleiing og i grupper. Den aller størst utfordringa, og her har eg endå har mykje å lære, er å være tilstrekkeleg observant (eller ha god awareness som vi seier). Det å både følgje med på kva som vert sagt, legge merke til kroppsreaksjonar m.m. hos den som søkjer rettleiing, og i tillegg lytte innover til meg sjølv.
Hege merkar litt framgang på dette området, sjølv om ho framleis synest det er vanskeleg. − Eg har forstått og erfart at det skjer mykje rett fram for augo mine som eg kort og godt ikkje oppdagar. Men nettopp det ”triggar” meg til å trene meir, seier ho.
Ho kan gjerne anbefale studiet til andre interesserte: − Om ein ikkje har direkte nytte av dette i jobbsamanheng, så har ein det garantert indirekte. Og for livet og kvardagen er det veldig relevant, understrekar Hege Steinsland.
Du kan lese mer om veiledningsstudiet HER.
Les også om student Pål som oppdaget livet på nytt
|
 |
|
 |
| |
|
|